PETTERS FESTJAM FEAT. KNUT RIISNÆS - DIGS

Skrevet av
Ingrid Steinkopf
Foto
Arne Hauge

I kjent show-stil entrar bandet scena i finstasen med matchande, glitrande huer. Thelonius Monk står på programmet og Dalane, eller Delany vartar oss opp i kjent Monk-stil. Runden går frå Riisnæs til Delany til Riris før dei tradar seg i mellom. Publikum er med frå første stund. Det swingar godt frå Rønning bak trommene. Det kjente ”problemet” med mikrofonstativet er ein slager i showet, og eit velkomment element frå Petters stand-up repertoar. Å gi bandmedlemma ein ordentleg introduksjon med velmeinte ord er og noko Delany er kjent for. Denne sessionen er ikkje noko unntak. Settet går vidare til ein fin duo mellom Knut og Petter. Etter ca ein halvtime, er sessionen godt i gang og musikarane frå salen er på veg opp på scena. Dalane inkluderer publikum ved å be publikum om å lage lyden til sitt instrument, samt synge med på låta som blir spelt. Salen blir delt i to med to ulike stemmer, og godfeelinga er til å ta og føle på.

Etterkvart er heile bandet bytta ut med musikarar frå salen, og jammen offisielt i gang. Ein kan merke at salen er full av spelesugne musikarar av alle slag. Og med det sette Petter og bandet stemninga for kvelden. Ein kan ikkje anna enn å smile over Petters engasjement der han spaserer rundt i lokalet med instruksjonar til den eine og andre gruppa av blåsarar i salen. På eit tidspunkt ville han ha med seg heile salen på litt dansing, og ein prøvde seg på halde i stolen for å halde den rette avtanden, men det vart fort avverga av ansvarlege i lokalet. Det var bra rotasjon på bandet, og mange av musikarane i salen som hadde lyst til å spele, fekk det. På grunn av gjeldande restriksjonar varer ikkje jammen lengre enn nokre korte timar, men i løpet av desse timane har stemninga i salen rukke å sette seg godt, og publikum går smilande, leande og syngande ut akompagnert av bandet til Delany med Aleksander Riris, Truls Rønning og Knut Riisnæs.