ELECTROCUTANGO - DOKKHUSET

Skrevet av
Ingrid Steinkopf
Foto
Thor Egil Leirtrø

Kor kjekt er det ikkje å endeleg få spele for eit levande publikum! Omtrent slik opnar Sverre Indris Joner dialogen med publikum denne kvelden. Og publikum er definitivt klare for kva bandet har å servere. Bandoneon og fela gir oss den ekte tango-kjensla, og bruken av dybden i piano samt boge på kontrabassen gir musikken tyngde. Moll-tonaliteten og melankolien er på plass, og lydeffektane frå laptopen til Joner gir bandet lyden av å jobbe seg inn mot eit meir moderne sound. Som dei seier det sjølv, kan ein kalle det ”oppdatert tango” heller enn flyktig klubbmiks med litt tangokrydder, og det kjem så absolutt tydeleg fram. Det er så deilig at musikken er så sterkt knytta til den originale tangomusikken. Det gir musikken og bandet meir tyngde og kvalitet å høyre at den har røtter i tradisjonell tango. Likevel er nok lydeffektane noko som gjer seg endå betre på plate, då den ikkje blendar like godt live. Samstundes gir den musikken eit ekstra driv.

Musikken er smygande, lik dansarar i bevegelse, frå brått til smygande. Låtene høyres bestemte ut, slik det skal vere i tango. Bandet gjorde ei heil-akustisk ballade ca midt i settet som verkeleg gjorde seg. Kjensla og den inderlege lengten er der i dei lengtande melodilinjene i felespelet til Odd Hannisdal og bandoneonspelet til Andreas Rokseth. At den var utan trommer, gjorde at det kjentes endå nærare det ein tenkjer på som tradisjonell tango. Joner fekk med seg publikum på knipsing til ei låt som gav assosiasjonar for underteikna til musikken til filmen ”Lalaland.”

Låtene er relativt korte utan at det gjer noko. Slik blir det ikkje veldig lange soloar frå musikarane, men det dei serverer oss er av klasse. Her er det grooven og stemninga vel så gjerne som viritouse soloar musikarane er ute etter å servere oss, og det lukkast dei godt med. Ein kunne sjå spelegleda hjå musikarane, og publikum kosa seg. 

 

Forrige konsert