Eastwood Symphonic

Kyle Eastwood Quintet & TSO
Skrevet av
Anders Kruse/HOOK
Foto
Arne Hauge

Eg er i utgangspunktet ganske skeptisk til filmmusikkonsertar, utan at eg heilt klarar Ä setje fingeren pÄ kvifor. Blir det Ä spele John Williams sine Greatest Hits ei for «enkel» lÞysing pÄ spÞrsmÄlet om korleis ein skal fÄ folk til Ä faktisk fare pÄ konsert, i staden for Ä berre tenkje at det er fint med eit symfoniorkester i byen? Faktum er jo at orkestera mÄ ha fleire folk inn i konsertsalane, og lÞysinga pÄ det er i alle fall ikkje Ä appellere enda meir til *kremt* samtidsmusikksnobbar som meg, til fordel for meir eller mindre alle andre.

Uansett er ikkje den streite filmmusikkonserten eit format som tiltalar meg i nokon stor grad – kulturelite som eg er. Men det finst mĂ„tar Ă„ gjennomfĂžre slike konsertar som sjĂžlv slike som meg kan finne pĂ„ Ă„ like. Og Kyle Eastwood sin jazzsymfoniske hyllest til faren Clint, «Eastwood Symphonic», er absolutt ein spanande mĂ„te Ă„ gjere ein slik konsert pĂ„. Kyle – eg tillĂšt meg Ă„ omtale dei med fornamn – har lĂžfta fram noko av musikken frĂ„ dei mest legendariske filmane til faren, og kledd dei opp i nye drakter.

Og stort sett er dette god musikk. Kyle er bassist, og i tillegg til Trondheim Symfoniorkester har han med seg sin eigen kvintett bestÄande av Andrew McCormack pÄ piano, Chris Higginbottom pÄ trommer, Quentin Collins pÄ trompet og flygelhorn, og Brandon Allen pÄ saksofonar. Dette er ein slÄande god kvintett. Under «Dirty Harry» serverer Collins og Allen eit improvisasjonsvokabular som er perfekt tilpassa den funky stilen. Lenger ut i konserten fÄr orkesteret ein pause nÄr kvintetten bryt ut i Charlie Parker sin legendariske «Ornithology», henta frÄ filmbiografien «Bird», og her fÄr alle saman sleppe seg ordentleg laus. Dritfet, straight jazz. Elskar det.

Eg skal likevel innrĂžmme at «Eastwood Symphonic» ikkje fengsla meg fullstendig. Delar av konserten, som musikken frĂ„ «The Bridges of Madison County» og «Claudia’s Theme» frĂ„ «Unforgiven», er til tider direkte slĂ„ande. Musikken veks og krympar stadig, og svulmande strykeakkordar glir over i langstrakte pianosoloar. Men andre gongar er orkesterarrangementa noksĂ„ underveldande. Spesielt i funky delar som «Dirty Harry» og «A Fistful of Dollars» ber musikken preg av ei orkesterskriving som minner meir om storband omset med varierande suksess til symfoniorkesterformatet enn dedikert orkesterarrangering. Ofte ligg orkesteret og kvintetten pĂ„ forskjellige sider av pulsen, der bandet ligg bakpĂ„ beaten, og orkesteret endar opp litt frampĂ„. Resultatet er at dei rytmiske delane av arrangementa ikkje er tighte nok.

I tillegg var lyden, i alle fall der eg sat like ved lydteknikarane, direkte undermÄls. Orkesteret klang boksete, bassen uklÄr og trompeten til Quentin Hollis rett og slett skjerande. Konserten varar i litt over halvannan time, og nÄr dei siste tonane frÄ ekstranummeret har dÞydd ut er eg ordentleg sliten i Þyrene.

Til tross for at eg ikkje klarte Ä tape meg sjÞlv i musikken, syns eg «Eastwood Symphonic» er ein suksess. God musikk, absolutt, men ikkje eksepsjonell. Kjennskapen min til Clint sine filmar er passe avgrensa, men eg kjenner at dette gir meg lyst til Ä fare heim og sjÄ fleire av dei, noko ein mÄ rekne som eitt av mÄla til dette prosjektet.

Les Adressas anmeldelse her - Hyllest til Clint Eastwood pÄ hÞyt nivÄ