Eastwood Symphonic
Eg er i utgangspunktet ganske skeptisk til filmmusikkonsertar, utan at eg heilt klarar å setje fingeren på kvifor. Blir det å spele John Williams sine Greatest Hits ei for «enkel» løysing på spørsmålet om korleis ein skal få folk til å faktisk fare på konsert, i staden for å berre tenkje at det er fint med eit symfoniorkester i byen? Faktum er jo at orkestera må ha fleire folk inn i konsertsalane, og løysinga på det er i alle fall ikkje å appellere enda meir til *kremt* samtidsmusikksnobbar som meg, til fordel for meir eller mindre alle andre.
Uansett er ikkje den streite filmmusikkonserten eit format som tiltalar meg i nokon stor grad – kulturelite som eg er. Men det finst måtar å gjennomføre slike konsertar som sjølv slike som meg kan finne på å like. Og Kyle Eastwood sin jazzsymfoniske hyllest til faren Clint, «Eastwood Symphonic», er absolutt ein spanande måte å gjere ein slik konsert på. Kyle – eg tillèt meg å omtale dei med fornamn – har løfta fram noko av musikken frå dei mest legendariske filmane til faren, og kledd dei opp i nye drakter.
Og stort sett er dette god musikk. Kyle er bassist, og i tillegg til Trondheim Symfoniorkester har han med seg sin eigen kvintett beståande av Andrew McCormack på piano, Chris Higginbottom på trommer, Quentin Collins på trompet og flygelhorn, og Brandon Allen på saksofonar. Dette er ein slåande god kvintett. Under «Dirty Harry» serverer Collins og Allen eit improvisasjonsvokabular som er perfekt tilpassa den funky stilen. Lenger ut i konserten får orkesteret ein pause når kvintetten bryt ut i Charlie Parker sin legendariske «Ornithology», henta frå filmbiografien «Bird», og her får alle saman sleppe seg ordentleg laus. Dritfet, straight jazz. Elskar det.
Eg skal likevel innrømme at «Eastwood Symphonic» ikkje fengsla meg fullstendig. Delar av konserten, som musikken frå «The Bridges of Madison County» og «Claudia’s Theme» frå «Unforgiven», er til tider direkte slåande. Musikken veks og krympar stadig, og svulmande strykeakkordar glir over i langstrakte pianosoloar. Men andre gongar er orkesterarrangementa nokså underveldande. Spesielt i funky delar som «Dirty Harry» og «A Fistful of Dollars» ber musikken preg av ei orkesterskriving som minner meir om storband omset med varierande suksess til symfoniorkesterformatet enn dedikert orkesterarrangering. Ofte ligg orkesteret og kvintetten på forskjellige sider av pulsen, der bandet ligg bakpå beaten, og orkesteret endar opp litt frampå. Resultatet er at dei rytmiske delane av arrangementa ikkje er tighte nok.
I tillegg var lyden, i alle fall der eg sat like ved lydteknikarane, direkte undermåls. Orkesteret klang boksete, bassen uklår og trompeten til Quentin Hollis rett og slett skjerande. Konserten varar i litt over halvannan time, og når dei siste tonane frå ekstranummeret har døydd ut er eg ordentleg sliten i øyrene.
Til tross for at eg ikkje klarte å tape meg sjølv i musikken, syns eg «Eastwood Symphonic» er ein suksess. God musikk, absolutt, men ikkje eksepsjonell. Kjennskapen min til Clint sine filmar er passe avgrensa, men eg kjenner at dette gir meg lyst til å fare heim og sjå fleire av dei, noko ein må rekne som eitt av måla til dette prosjektet.
Les Adressas anmeldelse her - Hyllest til Clint Eastwood på høyt nivå