MIRIAM KIBAKAYA CONCEPT - TRYKKERIET

Skrevet av
Ingrid Steinkopf
Foto
Arne Hauge

Ein sekstett med utspring frå jazzlinja i byen.

Det kunne nok vore fleire publikumarar, men så tidleg på ein fredags ettermiddag er det likevel stemning i salen. Konserten starta med at Miriam Kibakaya, frontfigur i bandet, framførte eit dikt eller ein tekst akkompagnert av lydar produsert av resten av bandet. Dette var ein introduksjon av låta ”Roots.” Unislinjer i både vokal og saksofon, vokal og fiolin, samt piano er noko som går att i låtene. Komptrioen med Benjamin Gisli Einarsson på piano, Andreas Svabø på Bass og Øyvind Leite på trommer spelar fint saman som trio, og får god støtte frå vokal, sax og fiolin som kompar i bakgrunnen. På eit tidspunkt får me ein drum-bass duo som gjer seg. Her viser musikarane fint samspel med ein god groove. På det sterkaste i konserten, har fiolinist Tuva Halse noko problem med å trenge gjennom lydbildet, noko som kan vere eit problem med ei så variert besetning. Det er eit problem saksofonist Zakarias Meyer Øverli har i same grad. Likevel ser ein at trenden det dei seinare åra har blitt med å bruke fiolin i jazzsettingar absolutt er ein veldig fin effekt. 

Låtmaterialet er av kvalitet og eg vil gjette at dette er eit band me vil høyre meir til. Det er særs behageleg å lytte til Benjamin sine fills og solostrekk. Både titlane på låtene og melodilinjene legg opp til drømming og tenking hjå lyttaren. Likevel sitt eg med kjensla av at om det hadde vore fleire tekstar på låtene, om enn korte fraser, så vil det kunne tilføye musikken endå eit lag som bandet kan spele på. Stemma til Miriam er så behageleg å høyre på at eg ikkje tur tekst ville kome i vegen på nokon måte. Til mine tankar kjem Miriam med ein kommentar om at det ikkje er så mykje tekstar på låtene, og legg til at dei ofte omhandlar ting som ikkje er så lett å skrive om. Då er det godt å kunne bruke musikken elles til det.

Låtene varierer frå nedpå og drømmande balladar til meir opp-tempo og kraftigare uttrykk. Det er og tydeleg at musikarane har spelt mykje saman, for dei er tydeleg trygge på kvarandre på scena. Dette er ein trygg booking for alle jazzklubbar!

 

Forrige konsert