Back to All Events

Trøen/Arnesen Kvartett

  • Scandic Nidelven 1 Havnegata Trondheim, Sør-Trøndelag, 7010 Norway (map)

Trøen/Arnesen Kvartett presenterer både nytt og tradisjonelt materiale, i ekte jazz-kvartett stil.

Foto: Bjarne Oymyr

Foto: Bjarne Oymyr

Musikalsk byr Trøen/Arnesen kvartett på heftig swing-jazz og saftige balladar, i eit univers der idealet om den klassiske jazz-kvartetten står sterkt. Med eit aldersspenn på fleire generasjonar og erfaring frå ulike sjangrar og epokar samlast dei fire musikarane rundt ein felles kjærleik for “den gode gamle jazzen". Med ideal frå jazzens øvste hylle finn dei inspirasjon frå store namn som John Coltrane, Keith Jarrett, Joe Henderson og Dexter Gordon. Spesielt Joe Henderson er ein sterk inspirasjon for bandet fordi både Dag Arnesen og Frank Jacobsen spelte i Henderson sin «Norwegian Quartet» saman med bassist Bjørn Kjellemyr. Kvartetten tek med seg jazztradisjonen inn i eigne komposisjonar, samt eigne tolkingar av gamle perler. På denne måten vil bande blåse nytt liv i tradisjons-jazzen, og utfalde seg i spennet mellom det nye og det gamle.

Elisabeth Lid Trøen – saxofon
Dag Arnesen – piano
Ole Marius Sandberg – bass
Frank Jakobsen – trommer


Scandic Nidelven, Trondhjemssalen, fredag 10. mai kl. 16:00

Earlier Event: May 10
JazzExpo: Natalie Sandtorv
Later Event: May 10
Young Voices